Kvam Pensjonistlag 50 år – med Jubileumsberetningen!

Fredagskveld 24.05.19 feira vi Kvam pensjonistlag sine 50 år på Kvam Motell.

Ca. 50 personar, pensjonistar og innbedne naboar, var samla til ein triveleg kveld.

Ellrun Thun Saur ønska alle velkommen, og så song vi «Menuett i mai» av Vidar Sandbekk, med musikk attåt av Kirsten Knedal Andersen på piano, og ho var med heile kvelden.

Ordførar Bjørn Arild Gram fekk ordet, han prata bl.a. litt om eldresentra i kommunen.

Etterpå fekk fin underhaldning med song av Arnstein Vesterdal og musikk av Kirsten Knedal Andersen: «Nordafor» av Halvdan Sivertsen og «Barndomsminne frå Nordland» av Elias Blix.

Deretter var det mat, riktig godt sodd, skjenning og ingefærøl, og til dessert sviskegraut a´la Alma.

Odd Hegge hadde skrivi ei fyldig jubileumsmelding som han fortalte frå.

Kvamssongen vart sunge etterpå.

Brigt Lyngstad var kveldens kåsør: «Ei passeleg blanding av skjemt og humør» kalla han kåseriet, og det var akkurat passe av begge delane. Etterpå las han nokre dikt han hadde skrivi.

Etter kåseriet var det «naboan» sin tur til å gratulera og overrekke gåver: Oddbjørn Buås frå Sparbu pensjonistlag las diktet «Lykken» av Andreas Gjermstad. Johannes Finstad frå Ogndal pensjonistlag. Brynjar Solnes frå Stod pensjonistlag. Gunnar Aftret frå Steinkjer pensjonistlag. Ellen og Reidulf Bruun frå Snåsa pensjonistlag.

Liv Thun frå Trøndelag pensjonistforening gratulerte og fortalte litt om samanslåinga av pensjonistforeningane i Nord- og Sør-Trøndelag. Vi song «Pensjonistsongen» etterpå.

Kaffe og blautkake smakte godt, og under kaffen fekk vi meir underhaldning av Arnstein Vesterdal og Kirsten Knedal Andersen: «Sola skin» av Åge Aleksandersen, og ein annan fin song av Hyldbakk/Sommerro.

Vi kosa oss med god kaffe og triveleg prat.

Ellrun Thun Saur takka for fin underhaldning og for ein triveleg og vellykka kveld, og ønska alle ein god sommar.

Jubileumsmelding 50 år av Odd Hegge

Liv Gudny Skogan